Kvifor Sunnhordlandsdiagonalen?

Sunnhordlandsdiagonalen AS er eit non-profit foretak som er i hovudsak eigd og finansiert av næringslivet i Sunnhordland.

Vi har arbeidd med å utgreia og promotera Sunnhordlandsdiagonalen – det beste alternativet for å knyta E134 mot Bergen, via den komande ferjefrie E39.

Dette arbeidet vart tona ned etter at «arm frå Bergen» til E134 ikkje fekk tilslutnad av rådande styresmakter. I staden arbeidde vi vidare med Sunnfast  som eit samband frå Kvinnherad til Tysnes og Stord. Les meir om dette på www.sunnfast.no og følg Sunnfast-prosjektet på facebook.