Vestlandet treng E134 med arm til Bergen!

I sin pressekonferanse om aust-vest-sambandet 18. desember, kom som kjent regjeringa med ei overraskande kunngjering: E134 skal vera hovudveg aust-vest, men kanskje utan arm til Bergen. Vi må tilstå at vi vart litt satt ut av dette. Det vart tydelegvis mange andre òg. No utpå nyåret kjem fleire og fleire instansar og gjer det klart: Haukeli må få armen til Bergen for at E134 skal bli det «gullprosjektet» som det er i vegvesenet si aust-vest-utgreiing.

Her er ein del medieoppslag som har kome etter pressekonferansen:
BT-oppslag 23.12.
http://www.bedrevei.no/2016/01/hogre-sviktar-e134/#more-4392
http://www.nrk.no/sognogfjordane/sogn-og-hardanger-saman-for-hemsedalsfjellet-1.12747189
http://www.vest24.no/debatt/nho-gar-for-aust-vest-over-hemsedal/o/5-82-35454
http://www.bt.no/meninger/kronikk/I-beste-fall-et-skudd-i-blinde-3512086.html
http://www.bt.no/meninger/kronikk/Skal-veier-bygges-etter-magefolelsen-3526358.html
Lastebileigarforbundet har også referert til oppslaget i BT om Sunnhordlandsdiagonalen:
http://www.lastebil.no/Medlemsregister/Regioner/Region-5-Hordaland-Sogn-og-Fjordane-Moere-og-Romsdal/Nyheter-Hordaland-S-Fj/Lanserer-ny-vei-som-kompromiss

Blant dei som omtaler armen til Bergen, fokuserer alle på Hordalandsdiagonalen. Vi må ta inn over oss at det er denne som er kjent, særleg utanfor Sunnhordlandsregionen. Men det viktigaste no er at det vert ein KVU for armen til Bergen. Då skal vi vera med i den KVUen, og så jobba for å synleggjera at Sunnhordlandsdiagonalen er det beste alternativet.