Odda-ordførar Haug: fylkesutvalet vedtok også SHD!

Vi vil forsøka å oppdatera med linkar, informasjon og våre svar vedr. debatten om arm til Bergen, fylkesordføraren sin uttale m.v.

Fylkesordføraren uttalte seg for Hemsedal, og fekk støtte av BT på leiarplass:

Dette har utløyst mykje debatt dei siste dagane. Det vert peika på at uttalen (som er fylkesordføraren sitt personlege syn) er i strid med vedtak i fylkesutvalet i mars. Dette har igjen fått Odda-ordføraren til å påpeika at også Høgre sitt standpunkt som dei forsøker å kjempa igjennom i regjeringa, der Haukeli ikkje skal få ein «arm mot Bergen», er i strid med vedtaket i fylkesutvalet.

Her er vi einige med Odda-ordføraren i mykje, men: Han hevdar at fylkesutvalet vedtok byggjing av Hordalandsdiagonalen. Dette er feil! Hordalandsdiagonalen er ikkje nemnd i vedtaket. Fylkesutvalet har vedteke at det skal byggjast arm mot Bergen, og at alle alternativ skal utgreiast. Faktum er at det i pkt 4 i vedtaket heiter:
«Når det er aktuelt å gjennomføra ein KVU for aktuelle trasear for E134 Jøsendal-Bergen, må samtlege moglege diagonaltraséar vurderast.» Vedtaket er formulert slik nettopp fordi Sunnhordlandsdiagonalen òg er ein aktuell arm mot Bergen. Denne vil heller ikkje vera konfliktfull opp mot E16 mot Voss eller Rv7.