Kommentar til Jan Gravdal (og andre)

Jan Gravdal skriv på bloggen sin, gjeve att på skimtvis.net, om spelet kring aust-vest-sambandet, Hardangervidda mot Haukeli. Vi i Sunnhordlandsdiagonalen AS er einige med han i mest alt han skriv. Det viktigaste som er feil, er tala hans for netto samfunnsnytte. Gravdal hevdar +12 mrd. for Haukeli. Det rette er +26 mrd. når du får arm til Bergen. Gravdal seier -1 mrd. for Hardangervidda. Det rett er -12 mrd. Dette står klinkande klart i aust-vest-utgreiinga.

Sunnhordlandsdiagonalen AS viser til vår uttale, og linkane der. Særleg den glimrande kronikken «Skal veier bygges etter magefølelsen?», av seniorforskar Stian B. Bayer. Det viktigaste no er at Haukeli må få ein arm til Bergen!

Så må det gjerast ein KVU for å vurdera trasé for denne armen. Der underslår Gravdal, som så mange andre, at det finst eit alternativ: Sunnhordlandsdiagonalen. (Sjå også vår informasjonsfilm.) Gravdal er i så måte i godt selskap: dei fleste rundt om i det ganske land veit ikkje om noko anna arm enn Hordalandsdiagonalen. Men det er vedteke i Fylkesutvalet at båe armane skal greiast ut, og det same er slått fast både av sentrale folk i vegvesenet og sentrale politikarar m.v. No er det viktigaste at vi gjer felles sak: E134 må få arm til Bergen! Deretter blir det KVU, og måtte den beste diagonalen vinna!