Debatt i media og politiske vedtak

Det er stadig fleire som ytrar seg i spørsmålet om arm til Bergen. Vi har tidlegare lenka til Vegforum Øst-Vest sine utspel, der dei gjev klar beskjed om at E134 må få ein arm til Bergen. Dei fekk svar frå to Høgre-politikarar, eit svar som var forvirrande, inkonsistent og unnvikande. Sverre Olav sendte inn eit nøkternt svar på våre vegner.

No har Vegforum Øst-Vest kome med sitt eige tilsvar, og dei er langt mindre diplomatiske. Under tittelen «E134: Høgre held Samferdsels­departementet sitt eige fagdirektorat for narr» gjev dei igjen klar beskjed om armen til Bergen si tyding i det store biletet, og Høgre får passet sitt påskrive når det gjeld å bøya av internt for snevre regionale og lokale interesser og dermed sabotera viktige nasjonale interesser.

Vi må også nemna: i denne debatten må vi tildels forventa at dei fleste som tek til orde for «arm til Bergen», vil meina Hordalandsdiagonalen. Vi jobbar stadig med å synleggjera Sunnhordlandsdiagonalen, men det viktigaste no er at det vert bestilt ein KVU for ein «arm til Bergen», og så at vi er med i den KVUen.

Fleire fylkesparti har også teke stilling for at E134 må få ein arm til Bergen, bl.a. Hordaland Venstre og Rogaland FrP. Vi kjem tilbake med meir om dette etterkvart som fleire fylkesparti har årsmøte. Dersom du er aktiv i eit parti er det svært viktig å få fylkespartiet ditt til å fatta slike vedtak. I så fall, ta gjerne kontakt med oss for tips.