Politiske vedtak, medieoppslag, NHO og Norsk Industri på banen

Det siste først: Eit bra oppslag i Sunnhordland om status for Sunnhordlandsdiagonalen: http://www.sunnhordland.no/artikkel/vind-i-segla-for-vegshyforkjemparane

Hardt arbeid har betalt seg. No har fylkespartia i V, KrF, FrP, SP, AP, og Raudt vedteke krav om KVU for arm til Bergen no. Dei fleste nemner at ein må greia ut «alle alternativ», «båe alternativ», «både Sunnhordlandsdiagonalen og Hordalandsdiagonalen» eller tilsvarande.

Høgre er ikkje avvisande, men vil framleis venta til KVUen for Rv7 vs Rv52 er klar. Dette er ugunstig opp mot tidsplanen for handsaming av NTP, og det fører til at ein ikkje får ei samla vurdering av Rv7/Rv52/E134/arm-til-Bergen, men førebels ser det ut til at vi lyt avfinna oss med dette.

Tunge industriaktørar i regionen var i møte med NHO og Norsk Industri i Oslo tidleg i mars. Dette resulterte i at NHO og Norsk Industri sendte brev til samferdselsministeren med krystallklart krav om at ein også måtte laga KVU for E134 og «arm til Bergen», slik at alle traséar og heile spørsmålet om aust-vest kunne vurderast samla. SHD og HD har bidrege i lag for å få fremja kravet om diagonal og KVU. Brevet er vedlagt.

Elles var Stord Næringsråd, saman med næringsråda i Bergen, Haugesund og Stavanger den 5. april i møte med Hordaland- og Rogalandsbenken på Stortinget. Stord Næringsråd var i samband med dette med på å fremja krav om diagonal frå E134 til Bergen.