SVV valde Rv 52 – igjen

Statens vegvesen har gjennomført KVU for å utreda nordleg trasé for aust-vest-sambandet. Nok ein gang har dei konkludert med at riksveg 52 over Hemsedal er det beste alternativet.

Sjå oppslag hos NRK Sogn og Fjordane og Telemark, og leiarartikkel hos Haugesunds Avis.

Medieoppslaga fokuserer stadig vekk på Hordalandsdiagonalen som «armen til Bergen», men vi har klar beskjed frå både politisk hald og frå sentrale folk i vegvesenet: Viss regjeringa tingar ein KVU for arm til Bergen, så vil både Hordalandsdiagonalen og Sunnhordlandsdiagonalen bli utreda.