Aktuelt i haust

I løpet av hausten så har ymse ting skjedd som vi har rapportert på facebooksida, for dei som følgjer den. Herunder:

  • Vegvesenet kunngjorde planar om å byggja ut den gunstige traséen forbi Rauland.
  • Det kom stadig oppslag, innlegg og uttalar om støtte til «arm til Bergen».
  • I november kom først Utvalet for miljø og samferdsle i Hordaland fylke og så fylkesutvalet med solide vedtak til støtte for KVU for armen. Det mest oppsiktsvekkjande var at Høgre i Hordaland no hadde snudd og sikra eit solid fleirtal, berre mot røystene til SV og MDG. Sunnhordlandsdiagonalen AS var involvert i arbeidet inn mot dette møtet.
  • I desember tok debatten fart då SVV gjekk inn for den såkalla midtre traséen for kryssing av Langenuen – samtidig som dei meinte midtre og søre kryssing var nesten like. For framtidig kommunikasjon i Sunnhordland er søre kryssing best, anten dette vert med ferjefri SHD eller med framtidige ferjesamband. Dette vekte mykje engasjement.
    Planen er på høyring. I skrivande stund er det tre dagar til høyringsfristen. Ein kan signera eit opprop, og ein kan senda epost direkte til vegvesenet på firmapost-vest@vegvesen.no, med emnefelt t.d. «Høyringsuttale til kommunedelplan for E39 Stord-Os». Så kan ein skriva at ein går inn for Alt. F.