Slåande kvalitetssikringsrapport

I september kom som kjent Statens vegvesen (SVV) sin KVU (konseptvalutgreiing) om Rv 7 etter Rv 52. No kjem ei ekstern kvalitetssikring som konkluderer nok ein gong for Rv 52, men der eksptertane også tek sterkt til orde for «arm til Bergen», sjølv om det eigentleg ikkje var det dei skulle utreda…

I aust-vest-utgreiinga for to år sidan gav SVV ei klar tilråding om å satsa på E134 med «arm til Bergen» og Rv 52 (Hemsedal). Etter behandling i regjeringa der Høgre og krefter frå Hordaland spelte ei sentral rolle, så ba regjeringa SVV om å gjera ei ny vurdering (KVU) av Rv 7 vs. Rv 52. Samtidig vart alt arbeid om «arm til Bergen» satt på vent på ubestemt tid. Dersom Rv 7 skulle bli vald som aust-vest-hovudveg nr. 2 så ville «arm til Bergen» i all hovudsak bli irrelevant. Og utan trafikken frå Bergen så byrja SVV å omstilla seg til planar med mykje mindre ambisjonsnivå når det gjeld utbetring av E134.

I september kom altså KVUen frå SVV og tok igjen klart til orde for Rv 52 over Rv 7. Parallelt med dette var det før og etter mykje merksemd omkring «armen». Bl.a. var Høgre i Hordaland med og sikra eit viktig vedtak i fylkesutvalet for m.a. arm til Bergen. Gode krefter i partiet var med på å samla brei tverrpolitisk semje om det aust-vest-alternativet som utvilsamt er det beste.

No har denne KVUen vore ute på såkalla KS1 som er ei ekstern kvalitetssikring. Finansdepartementet og Samferdsledepartementet går saman og set opp eit team av eksterne ekspertar til å gå over SVV si utgreiing og avgje sin eigen rapport. Den er oppsiktsvekkjande. For det første driver den gang etter gang igjennom at Rv 52 er det beste alternativet over Rv 7. Men sjølv om mandatet som låg til KS1 var berre Rv 52 vs Rv 7, så brukar likevel ekspertane fleire sider og eit eige punkt i konklusjonen sin på å framheva at «arm til Bergen» på E134 er uansett det viktigaste å koma i gang med først. Dei omtalar ein slik arm ganske detaljert, og er veldig klare i talen.

Det er (sjølvsagt) berre Hordalandsdiagonalen som er omtalt. Men dette er godt nytt for oss. No er det atter god von om at regjeringa bestiller ein KVU for arm til Bergen, og vi er ganske sikre på at SHD vil vera med i ei slik utgreiing.

Konklusjonane i kvalitetssikringsrapporten innheld:

  • RV 52 bør bli prioriert framfor RV 7 i vidareutviklinga av vegnettet mellom Aust- og Vestlandet.
  • Før det eventuelt blir starta utbyggingsprosjekt for RV 52, rår dei til at ei grundig vurdering av kva konsekvensar det får for godstrafikken på Bergensbanen, og mål for klimagassutslepp.
  • Dei etterlyser ei meir heilskapleg vurdering av hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet, der kostnadar og nytte blir sett i samanheng med potensialet til E134 med mogleg arm til Bergen.
  • Verken RV 7 eller RV 52 som hovudvegsamband er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Eventuell utbygging av arm til Bergen frå E134 gjer dei to andre vegane enno meir ulønnsame, særskild RV 7.
  • Ein arm til Bergen frå E134 bør bli greia ut. Det bør skje før det blir vedteke noko byggjeprosjekt for RV 7 eller RV 52.
  • Uavhengig av status som hovudvegsamband kan enkelttiltak på kvar vegane bli greia ut for å betre trafikktryggleik, effektivitet, regional utvikling, vintertryggleik eller stoda for villreinen