Oppsummering 2017-2018

Tidleg i 2017 kunngjorde regjeringa at ingen veg aust-vest skulle bli Hovudveg med stor H. Svaret på fleire års arbeid og krystallklare tilrådingar frå alle fagfolk om å satsa på E134, var «funksjonsdeling». Dette betyr essensielt sett å halda fram slik ein har gjort, å spreia midlane på dei ulike alternativa. Det er nedtur etter at Solvik-Olsen hadde klart mål om å satsa skikkeleg på ein veg (E134) basert på faglege råd. Til 200 deltakarar på vegkonferansen i 2014, sa han: «Selv har jeg ingen hytte å ta hensyn til.» Det var det diverre enkelte andre som hadde.

Konsekvensen av den satsinga på E134 med arm til Bergen, som alle fagfolk ville ha, kom ikkje i NTP. Tvert i mot er armen til Bergen i stor grad «fryst». Vi hadde trrudd at ein KVU for arm til Bergen kunne bil starta. I denne utredninga kunne vi ha vona at Sunnhordlandsdiagonalen kunne fått ein «fair fight» mot alternativet og så rimeleg raskt kome med i NTP.

Her kunne vi blitt depressive og lagt oss brakk.  Vi hadde tross alt fått gjennomslag i samtlege fylkesparti i Hordaland og fleire i Rogaland i 2016 for arm til Bergen. I staden har vi brukt tida. Dei som følgjer oss på facebook har fått med seg jamne drypp av relevante oppslag.

I perioden har vi elles fokusert på vidare arbeid mot politiske miljø. Blant anna har vi hatt fleire møte på Stortinget med Hordalandsbenken og andre politikarar, både hausten 2017 og våren 2018. Saman med ordførarar berørte kommunar har vi hatt møte med samferdselsdepartementet og vegdirektoratet våren 2018. Og vi har innleia eit viktig samarbeid med Sunnhordlandssambandet AS.

Sunnhordlandssambandet har lenge før oss arbeidd for sørleg kryssing for E39. Sørleg kryssing er uansett essensielt for at sambandet kan spela ei rolle for betre kommunikasjon i Sunnhordland. Då Vegvesenet tilrådde midtre kryssing, samla vi kreftene for å visa at sørleg kryssing er best grunna dei regionale nytteverdiane. Dette har resultert i eit utgreiingsarbeid som vi snart vil presentera.

Dessutan har vi engasjert LMG Marin til å greia ut eit nytt brukonsept over Husnesfjorden som vil vera vesentleg rimelegare enn tidlegare planar. Dette arbeidet vil vi også presentera framover.