Sørleg kryssing og samarbeid om Sunnfast

Mykje har skjedd når det gjeld spørsmålet om bru frå Kvinnherad til Tysnes og Stord.

Som nemnd våren 2018 så gjekk vi i eit tettare samarbeid med Sunnhordlandssambandet AS, som lenge har jobbar for bru mellom Stord og Tysnes, med sørleg kryssing. Saman med dei lanserte vi prosjektet Sunnfast for bru Kvinnherad-Tysnes-Stord, og la vekk planane om tilknytning til E134. Tidlege vurderingar viste at dette prosjektet kunne stå på eigne bein i høve til kost/nytte. Vi fekk ei utgreiing frå LMG Marine AS som viste at ei flytebru kunne realiserast for ca. 6 mrd, og ein rapport frå Norconsult som viste ein formidabel samfunnsnytte av prosjektet.

Dette første til informasjonsavisa som gjekk til alle husstandar i Sunnhordland i november 2018. Denne finn ein i dag på www.sunnfast.no saman med Norconsult sin rapport. Dette vart finansiert av bedrifter i heile regionen. Vidare førte det til ein sterkt samarbeid mellom kommunane Kvinnherad, Tysnes og Stord etter tiår med strid om ferjer og ferjekaiar.

Arbeidet vart krona med ein viktig siger då samferdselsdepartementet endeleg vedtok sørleg kryssing november 2019. Sjå omtale i Sunnhordland.